Klarsignal for å setja i gang nynorskrevisjon

(22.9.09) Kulturdepartementet ber Språkrådet no setja i gang arbeidet med ein gjennomgang av nynorskrettskrivinga.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

I eit brev datert 17.9. skriv departementet at Språkrådet bør «kunna setja i gang arbeidet med ein gjennomgang av nynorsknorma slik styret tidlegare har vedteke og med grunnlag i drøftinga og vurderingane i språkmeldinga» (St.meld. 35 (2007–2008) Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk).

Oppdatering 10.11.09: På styremøta i november og desember vil styret i Språkrådet vedta ein tidsplan for arbeidet og peika ut ei rettskrivingsnemnd som skal koma med framlegg om justering av gjeldande nynorsknorm.

Kontaktperson:
Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, tlf. 957 92 783

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2009 | Oppdatert:19.11.2021